Fredag 26. juli

Kl 1100 Tviberg Feriesenter opnar

Kl 1830 Pub og kafé i Hallen opnar

Kl 1930 Ina og Ørjan show

Stand-up på sitt beste i Hallen!

Les meir om showet her.

Kl 2000 Håland & Vårdal

Spelar opp til dans på Tviberg Feriesenter.

Kl 2200 Hilljacks

Spelar opp til dans i Hallen.

Laurdag 27. juli

Kl 1100 Opning av festivalen

Offisiell opning frå scena

Kl 1100 Aktivitetar på området

Blant anna krabbeball, krabbekar, trampoline og ballbinge

Kl 1100 Tviberg Feriesenter opnar

Kl 1200 Seniordansarane underheld

Atløy, Askvoll og Førdefjorden seniordans

Kl 1330-16 Krabbebord

To bordseter kl 1330 eller kl 15. Påmelding i Infobua under festivalen

Kl 1400 Underhalding

Kl 1500 Palleløp

Påmelding i Infobua under festivalen

Kl 1600 Sang og musikk i kyrkja

Møteplassen inviterer til song- og musikkstund i Vilnes kyrkje. Lokale krefter deltek. Andakt v/J. Grimelid

Kl 2000 Håland & Vårdal

Spelar opp til dans på Tviberg Feriesenter.

Kl 2100 Jakob Øren og Charles Iversen

Spelar opp til voksendans i Heggøybua!

Kl 2200 Hilljacks

Svingande countrymusikk i Hallen!

Overnatting

Båtplass

Har du båt? Kom gjerne til småbåthamna på Herland. Alle ombord i båtane må kjøpe inngangsbillettar i tillegg til pris per natt som er kr 100 inkl. straum og moglegheit til toalett, dusj og vaskemaskin.

Telt, campingvogn eller bubil?

Behov for campingplass under Krabbefestivalen? Det er plassar å finne på Grendacampingen på Herland. Her får du tilgang på straum, dusj og toalett. Så om du har campingvogn, bubil eller om du treng teltplass er dette staden å vere. Fyrstemann til mølla!

Herland Grendacamp

Her er det 4 rom med totalt 12 sengeplasser. 1 rom med fem senger, 2 rom med køyesenger og 1 rom med køyeseng og ei enkel seng. Det er eit stort felles kjøkken, tv-staue, dusj og toalett, samt tilgang til vaskemaskin og tørketrommel. Vil du leige sengeplass? Kontakt Astrid på telefon 901 53 477.

Anna husvære

Elles kan du sjekke ut moglegheiter via AirBnB eller Finn.no

Transport

Båt

Plott inn 61°21’19.8″N 4°53’11.5″E og ta turen til Herland Småbåthamn. Her er det stor kapasitet, men det er lurt å vere tidleg ute i og med at det ikkje er lov å reservere plass.

Bil

Køyr til Askvoll ferjekai og ta ferja over til Gjervik. Der i frå er det 12 km til Herland og parkering på bussplassen, her får du hjelp frå parkeringsvaktane våre.

Ferjeruter

Frå Askvoll til Gjervik og attende

Ekspressbåt

Frå Bergen til Askvoll og attende

Taxi

Taxibil: 959 56 227
Taxibåt: 970 81 818

Ekstra transport krabbefredag

0200 maxitaxi frå Herland til Høyvik.

Ekstra transport krabbelaurdag

Buss kl 2100 frå Høyvik til Gjervik 2120, til Sauesundet og til Herland.
0200 buss frå Herland til Høyvik.

Kort om Krabbefestivalen

Kom å nyt nykokt krabbe på vårt populære krabbebord. Et så mykje du orkar! På dagtid er det varierte aktivitetar og underhaldning for store og små, kafé, freistande salsbodar, og fredag- og laurdagskveld er det dans og konsert. Noko for ein kvar smak!

Vår fyrste Krabbefestival vart arrangert på Atløyna den 22.-24. August 2008. Målet var å lage ein matfestival som skapar samhald og aktivitet for lokalbefolkinga og for folk som ynskja å besøke Atløyna. Vi vil synleggjere nokre av tilboda og mogelegheitene her ute, og gje dei besøkande ei positiv helg med god mat i slåande natur.

Heile festivalen er basert på ein skikkeleg dugnadsinnsats frå både Atløyningar og hyttefolk. Inntektene vi får inn vert fordelt utover heile øyna som igjen hjelp oss til å kunne pusse opp litt i alle bygder. Tusen takk til alle som stiller opp og hjelp oss med denne dugnaden!

Spørsmål?

Om det er noko du lurer på send oss gjerne ei melding via Krabbefestival på Atløy på Facebook eller send oss ein mail til krabbefestival@gmail.com, så svarar vi deg så snart vi kan.

Hjarteleg velkommen til Krabbefestivalen!