Fredag 26. juli

Kl 17 Krabbeløpet går av stabelen!
Oppmøte i Herland Småbåthamn kl 16:30, deltakerpremie til alle! Vaksenløype og barneløype – påmelding til 957 26 346.

Barn og mosjonist kr 100, ungdom (10-16 år) kr 150,- vaksen 200,-.

Barneløype: Frå småbåthamna opp og igjennom skogen til Vesttomtane og attende til hamna.
Vaksenløype: Frå småbåthamna, opp til Tyskerhytta ned til Lessågen og attende til hamna.

Trykk for å sjå sjølv!

Kl 21 Baren i Hallen opnar

Kl 22 Dans til Vi3 i Hallen


Tviberg Feriesenter har ope

Laurdag 27. juli

Kl 11 Opnar kafé i Hallen

Kl 12 Offisiell opning av festivalen
Underhaldning og premieutdeling frå dei ulike klassane i fredagens krabbeløp.

Aktivitetar startar etter opning:
Ribbåt, Eliasbåten, ansiktsmaling, område for dei minste, leige av SUP (ved merchstand), fiskedam, krabbemarknad og krabbejakt for dei minste med meir

Kl 13:30-16 Krabbebord
To bordseter kl 13:30 eller kl 15. «Et me du ve»
Påmelding i ved merchstand kr 250,- per pers.

Kl 13:30-16 Grillkafé
Heimelaga fiskeburger og steikt ørret med tilbehør.

Kl 15 Trekning av krabbelotteri med sjøsprøytande premiar!
Kjøp lodd og bli med på trekninga! Kr 150 pr. lodd. Betaling via vipps til 746640 – Skriv fult namn og antall lodd du vil kjøpe, navn i loddboka må samsvare med telefonnummeret som har vippsa. Eller ta turen sjølv innom Joker Atløy for å plukke ut nummera du ynskjer å satse på. Sjå våre sosiale medium for å sjekke ut premiane!

Kl 15:15 Tid for konkurranse – Bli med!
Meld deg på med å sende ein SMS til 478 53 101. HINT: Finn fram kostyme og ta på redningsvesten!

Kl 21 Laurdagskveld i hamna!
Trubadur Heine Salbu varmar opp til dans i Hallen fram til kl 22 før han fortset på Tviberg Feriesenter frå kl 23. Stork Acoustic Trio fortset festen i Hallen frå kl 22!

Sundag 28. juli

Kl 12-15 Kafé og Grillkafé ope i Hallen!

EKSTRA BUSS
Fredag
2030 frå Høyvik til Gjervik 2050,
til Sauesundet og vidare til
Herland retur frå Herland til Høyvik kl 02

Laurdag
1115 frå Gjervik med retur til ferje kl 17
2030 frå Høyvik til Gjervik 2050,
til Sauesundet og vidare til
Herland retur frå Herland til Høyvik kl 02

BILETTPRISAR:
Fredag 300,-
Dagpass laurdag 50,-
Laurdagkveld kr 500,-

Eller vert du med heile helga?
Helgepass kun kr 700,-

Overnatting

Båtplass

Herland Småbåtlag har god plass med gjesteplassar i båsar og gjestebryggjer. Har du spesielle behov, ta kontakt i god tid, så gjer vi det enklaste for deg. Kontakt Arild på telefon 917 56 920. Hamneleige per døgn inkludert straum er kr 300 kr. Her finn du tilgang til toalett, dusj og vaskemaskin.

Telt, campingvogn eller bubil?

Behov for campingplass under Krabbefestivalen? Det er plassar å finne på Herland Grendahus og Camping. Her får du tilgang på straum, dusj og toalett. Så om du har campingvogn, bubil eller om du treng teltplass er dette staden å vere. Fyrstemann til mølla!

Herland Grendahus og Camping

Her er det 4 rom med totalt 12 sengeplasser. 1 rom med fem senger, 2 rom med køyesenger og 1 rom med køyeseng og ei enkel seng. Det er eit stort felles kjøkken, tv-staue, dusj og toalett, samt tilgang til vaskemaskin og tørketrommel. Vil du leige sengeplass? Kontakt Christian Hugøy Larsen på telefon 924 54 540.

Anna husvære

Elles kan du sjekke ut moglegheiter via AirBnB eller Finn.no

Transport

Båt

Plott inn 61°21’19.8″N 4°53’11.5″E og ta turen til Herland Småbåthamn. Her er det stor kapasitet, men det er lurt å vere tidleg ute i og med at det ikkje er lov å reservere plass.

Bil

Køyr til Askvoll ferjekai og ta ferja over til Gjervik. Der i frå er det 12 km til Herland og parkering på bussplassen, her får du hjelp frå parkeringsvaktane våre.

Ferjeruter

Frå Askvoll til Gjervik og attende

Ekspressbåt

Frå Bergen til Askvoll og attende

Kort om Krabbefestivalen

Kom å nyt nykokt krabbe på vårt populære krabbebord. Et så mykje du orkar! På dagtid er det varierte aktivitetar og underhaldning for store og små, kafé, freistande salsbodar, og fredag- og laurdagskveld er det dans og konsert. Noko for ein kvar smak!

Vår fyrste Krabbefestival vart arrangert på Atløyna den 22.-24. August 2008. Målet var å lage ein matfestival som skapar samhald og aktivitet for lokalbefolkinga og for folk som ynskja å besøke Atløyna. Vi vil synleggjere nokre av tilboda og mogelegheitene her ute, og gje dei besøkande ei positiv helg med god mat i slåande natur.

Heile festivalen er basert på ein skikkeleg dugnadsinnsats frå både Atløyningar og hyttefolk. Inntektene vi får inn vert fordelt utover heile øyna som igjen hjelp oss til å kunne pusse opp litt i alle bygder. Tusen takk til alle som stiller opp og hjelp oss med denne dugnaden!

Spørsmål?

Om det er noko du lurer på send oss gjerne ei melding via Krabbefestival på Atløy på Facebook eller send oss ein mail til krabbefestival@gmail.com, så svarar vi deg så snart vi kan.

Hjarteleg velkommen til Krabbefestivalen!